Fra kunde til personlig trener

Les den inspirerende historien til Siv, som trener med personlig trener og AFPT foreleser, Morgan Moen.
Gjør som tusenvis av andre. Lytt på vår podcast du også.

«Eg trenge da ikkje personleg trenar, eg klara å trena sjølv, og dessuten er det dyrt, berre bortkasta peng!» 

 

Det var min holdning fram til februar 2020, då var treningsgnisten på minussida, og det var eit tiltak, berre å gå til bussen.

Etter eit nyttårsforsett og litt prat med venner og kjente blei eg overtalt til å ihvertfall prøva PT. Eg avtalte eit møte og hadde ein kort men effektiv samtale med ein fyr, som skulle visa seg å påvirka livet mitt i stor grad!

Fyren, ved navn Morgan spurte kvifor eg trena og kva eg ville oppnå og eg sa som sant var: «Det viktigaste er å finna att treningsgnisten og at eg trena for psyken sin del, og har ikkje noko fokus på å bli verken tynn eller kjapp, men kanskje litt sterkare». Svaret hans var: Så gøy! Då kan me gjera mykje forskjellig!

Den fyrste samtalen gjorde noko med meg, og eg var i godt humør resten av dagen, men samtidig hadde eg ein gnagande følelse av at detta kanskje var eit blaff. For eg har trena før, men det har vore i rykk og napp, og utan struktur.

 

Hugsar ikkje noko særleg

Fyrste time kom, eg var usikker, og sjølvtilliten var på bånn, og heilt seriøst så hugsar eg ikkje den noko særleg, anna enn at eg fekk beskjed om at eg var mjuk, og det kunne eg ikkje forstå, for i mitt hovud er eg stiv, har dårlig balanse og ikkje er særleg sterk eller kjapp.

Torsdag blei etter kvart min nye favoritt-dag, for då skulle eg trena med Morgan!

Eg har gjort mange øvelsar og tenkt, «det der får ikkje eg til!», eller sagt høgt: «det her går faktisk ikkje!». Tålmodige Morgan har kome med oppmuntrande ord, og som regel har eg fått det til, og mestringsfølelsen auka.

Då me var kome i ein god flyt, rulla ein pandemi over verden. Eg hadde PT-time den dagen alt blei stengt og var litt redd for at alt skulle væra forgjeves, og at eg ikkje kom til å klara å holda motivasjonen oppe på eiga hånd.

Min kloke mamma sa; No kan du visa kva du har lært!

 

Tenk at ein kunne savna personlig trenaren sin!

Eg kom meg gjennom nedstengingen, ved hjelp av live-treningar og skogsturar, ulike styrkeøvelsar eg fann på Instagram. Men gleden var stor då eg kunne trena ein-til-ein med Morgan. Tenk at ein kunne savna PT-en sin!

Ved fleire anledningar var Morgan frampå å sa at eg burde satsa på PT-utdannelse. Eg tok det fyrst som ein spøk og tenkte at DET er berre tull, men samtidig var det noko forlokkande med det.

Då AFPT lanserte kostholdskurs for barnehagar, meldte eg meg på, og kjente at det var godt med litt påfyll av kunnskap. Deretter tok eg Fundementals, og så Trening A-Å. Undervegs tok eg meg sjølv i tenkja at dette var jo moro, eg lærde nye ting, og fekk ein ny forståelse for mat , helse, mental og fysisk trening og kva det faktisk gjer med kroppen.

Eg merkar og at kroppen har vorte avhengig av bevegelse. Om eg ikkje får bevega meg på eit par dagar kjenner eg det på kroppen, men mest av alt merkar eg det psykisk. For det har og endra seg siste åra. Mestringsfølelse og bevegelse har gjort sitt til at eg følar meg bedre, tek bedre valg og med andre ord lever eit anna liv.

 

No er eg PT-Student!

I min plan skulle eg ha PT eit par veker og så når treningsgnisten var på plass igjen så var eg ferdig med konseptet. Eg var ikkje forberedt på at eg i tillegg til treningsgnist, skulle få kunnskap, relasjonar og rett og slett eit nytt liv! Fordi i tillegg til den fysiske treningen har Morgan gjeve meg små utfordringar både i form av å logga mat men og å stilla spørsmål som har gjort til at ulike prosessar har vorte sett i gang. Som igjen har resultert i ei livsstilsendring og at eg no er PT-student!

Sjølvsagt hadde eg mange gode unnskyldningar for å ikkje melda meg på sjølve PT-studiet. Eg ringte Kine, for å spørja eit enkelt spørsmål om pensum, sånn at eg kunne lesa meg litt opp før eg eventuelt meldte meg på. Men Kine er god på sal, og vips hadde eg meldt meg opp på studie.

 

Mestring er i fokus

Timane med Morgan har fått ein ny dimensjon etter eg meldte meg på studiet, no må eg i tillegg til å trena ha svar på spørsmål han stiller om muskelnavn og bevegelsar. Men akk så gøy det er!

Målet mitt har vore å ha 2 treningsøkter i veka, alt anna skulle væra bonus. No har eg justert opp til 3 økter i veka. Fortsatt er eg oppteken av at det skal væra gjennomførbart og mestring er fokus.

I dag kan eg stolt sei at eg er sterkare fysisk, men og mentalt – og mykje er takket være oppfølging og støtte frå min personlige trenar. Og tenk, med den reisa eg har teke, all den erfaringen og kunnskapen eg tileigna meg undervegs, kanskje eg kan hjelpa nokon andre på same måte som Morgan har hjelpt meg.

Eg gleda meg til å prøva å hjelpa ihvertfall!

 

Publisert: 25.08.2021 KL. 12:55
Kategori: Siste Artikkel

Har du lest disse?

I henhold til undersøkelser gjort er det bare mellom 3 og 8 prosent av vestlig europeisk befolkning som er laktoseintole...
Hvor du holder hantelen påvirker hvor tung øvelsen er.
Er det en sammenheng mellom størrelse på leggene og livsstilssykdommer.

Hold deg oppdatert på nyheter

Vi sender ut nyhetsbrev regelmessig med gode tilbud, fagartikler, tips, oppstartsdatoer og annen informasjon om våre studier.

* Ved å gi oss dine kontaktopplysninger samtykker du til at vi kan kommunisere med deg via e-post og samtidig samtykker du til vår personvernpolicy.